|
|
Gamle Høyanger Symjehall
Frå arkivet til Ytre Sogn har vi fått låne programmet frå innviinga av Høyanger Symjehall. Her står det m.a. ei kort oversikt over byråkratiske prosessar i samband med bygginga. Planen om symjehall vart aktuell i samband med 2. byggjetrinn i Fylkesyrkesskulen. 15/5-64 gjorde Høyanger kommunestyre vedtak om å byggja eit basseng pa 12,5 m.
Det kommunale ungdoms- og idrettsutvalet (DKUI) tok opp arbeidet for å byggja ein større symjehall. Utvalet sette i gang undersekingar om symjehallar i ymse storleikar.
Høyanger skulestyre hadde saka føre 11/9-64 og seier m.a. at det er ynskjeleg at bassenget vert såà stort at det stettar kommunens behov.
DKUI oppmodar Høyanger formannskap om at det må verta lagt fram 2 alternativ nar det gjeld symjehallen. 1. Hall med 10,5 x 12 m basseng. 2. Hall med 12 x 25 m basseng.
6/11-64 vitja varaordferar Einar Lavik og formannen i DKUI, Einar Stavrum, Odda folkebad.
19/12-64 hadde formannen i skulestyret, K. Sem-Johansen og formannen i DKUI møte med kontorsjef Hofmo, STUI. Fekk då lovnad på eit tilskot på kr. 150 000 dersom det vart bygt eit basseng pà 25 m.
I romjula 1964 tilbaud arkitekt Oddvar Skjerve seg å utarbeida ein gratis plan for ein hall på 25 m med 1 m sviktstup og bassengdjupn p& 2,5 m. Kostnad 1,2 mill. kr.
Dei framlagde planane vart sende STUI som berre kunne godta ei djupn på 3 m for 1 m sviktstup. Det vart arbeidd vidare med eit basseng på 25 m. .
15/2-65 lova NACO gratis straum til symjehallen.
26/2-65 vart det ved,teke å byggja 2. byggjetrin av Fylkesyrkesskulen utan symjebasseng.
4/3-65. Høyanger kommunestyre gjer dette vedtaket: «Spørs- målet om bygging av 25 mtr. basseng vil ein ta stilling til nar Idrotts- og Ungdomsnemnda har fått saka meir avklara med omsyn til plassering og finansiering».
28/4-65. Møte mellom NACO og kommunen om tomtespersmålet for symjehallen. Tomtespersmalet vart ordna og plassering av hallen fastlagt.
Finansieringa av den opphavelege kalkulerte anleggsum vart løyst slik: 1. Tilskot fr& Sogn og Fjordane fylke kr. 100 000 2. Tilskot frå tippemidlar kr. 150 000 3. Lån i Høyanger samvirkelag kr. 700 000 4. Lån hj& NACO kr. 250 000 SUM kr. 1 200 000
I kommunestlyremøte 22/6-65 vart det samrøystes vedteke å byggja symjehall med 25 m basseng. Likeins vart det vedteke å søkja om byggjeløyve straks. Dette vedtaket var bygt på dei teikningane ein hadde frå januar 1965 med 3 m største djupn og 1 m sviktstup.
3018-65 seier skulestyret seg samd i at symjehallen vert plassert ved sida av elevheimen p& det omradet som er avsett til skuleferemål. Samstundels vart det vedteke å søkja om byggjeløyve for symjehallen.
9/9-65 godkjenner STUI at det vert bygt 25 m symjehall i Heyanger.
30112-65 gjer kommunestyret vedtak om å tilsetja arkitekt Oddvar Skjerve som utferande arkitekt. Samstundes vart denne byggekomiteen vald : Siviling. Arne Oftedal, Lærar Gudleik Førde og innkjøpssjef Einar Stavrum.
STUI hadde visse innvendingar mot 1 m sviktstup. I møte med arkitekten 3013-66 vart byggenemnda/DKU1 einig i å gå inn for 3 m sviktstup dersom dette kunne løysast innanfor kostnads- råma 1,2 mill kr. Samstaundes vart det lagt fram eit grunnris godkjent av STUI.
28/4-66 vart teikningane framlagde for Høyanger skulestyre og godkjende. I merknadene til saka vart det sagt: «Arkitektane har utvida bygget slik at stupebrettet kjem med og STUI har sagt seg einig i dette. Det er gledeleg at saka no er komen så langt, og vi far vona at symjehallen vert ein realitet om ikkje så lenge. Symjebassenget får ein storleik på 10,5 x 25 mtr. Vedtak: Høyanger skulestyre seier seg samd i dei framlagde teikningar til symjehall i Høyanger frå Arkitektteam».
3/6-66 vedtok Heyanger kommunestyre & underteikna kontrakt med konsulentane.
24110-66. Byggenemnda oversender tilrading om entreprenørar og underentreprenørar til formannskapet. Dei samla tilboda viste seg å koma på kr. 1,7 mill.
Etter dette bed formannskapet DKUI om å undersekja om noko kan innsparast, og om det kan skaffast tilleggsfinansiering på kr. 500 000.
DKUI tilrår at symjehallen vert bygd med 3 m sviktstup etter dei planar som ligg føre. Til å dekka ein del av overskridinga har DKUI fått lovnad på eit tilskot på kr. 100 000 frå NACO-funksjonærene reservefond og eit ekstra tilskot på kr. 50 000 frå tippemidlane. I brev av 7/2-67 fekk ein lovnad pa eit tilleggslan frå Høyanger samvirkelag på kr. 350 000.
I møte i Høyanger kommunestyre 3011-67 vart m. a. restfinansieringa godkjend. Sameleis vart fylgjande vedtak samrøystes vedteke: «Under føresetnad av at finansieringsplanen vert godkjend, rår formannskapet også til at byggjenemnda si innstilling av entreprenørar vert godkjend.
Byggearbeidet vart sett i gang våren 1967, og symjehallen stod ferdig til bruk semptember 1968. |