Reglar

 

Aldersgrense
Born under 10 år kan kun bade i lag med badande vaksen og skal vere under oppsyn av nemnde person. Vi tilrår også bruk av armringar som ekstra tryggleiksutstyr til dei som ikkje kan symje.

Garderobar
Høyangerbadet har garderobane i same etasje som badeanlegget. Vi har tradisjonell inndeling i dame- og herregarderobe.
Skapa i garderobane har myntinnkast der du legg på ein tiar for å låse. Nøkkelen har du på deg når du er i anlegget og myntinnkastet får du tilbake når skapdøra låsast opp.
Mellom dame- og herregarderoben har vi ein ekstra garderobe som pr. i dag er tilknyta damegarderoben. Her er det eigne skap, dusj og toalett. Utanfor desse garderobane har vi rullestolar som kan nyttast i anlegget.

Ordensreglar

  • Gå ikkje med sko i garderoben
  • Personar med smittsame hudsjukdomar skal ikkje bade
  • Fjern bandasjar og plasterlappar før du går inn i badet
  • Ta med såpe og handduk til dusjrom
  • Alle SKAL dusje og vaske seg med såpe utan badetøy før ein går i bassenga. Viktig at håret vaskast før ein badar. Påbode med hette dersom håret ikkje blir vaska. Tørk deg i dusjrom før du går tilbake i garderoben.
  • Ta godt vare på nøkkelen. Høyangerbadet tek ikkje ansvar for dine eigendelar. Sørg for å få med deg alle eigendelane heim.

 

Vis omsyn til andre og ha det moro!



© POW! Productions | Published by ArtSys