Kampen om sklia
Det er igjen duka for å kåre den kjappaste av dei kjappe. Tidene folk brukar på sklia her i Høyangerbadet har stadig gått nedover – og det er gått alvorleg sport i å vera den som pressa hundredelane nedover. 12. juni vert det på ny verkeleg avgjort kven som kan smykke seg med kongen el. dronninga av sklia. Mellom kl 13 og 15 vert det mogleg å kvalifisere seg til finalen. Ta kontakt med personalet hvis du vil kvalifisere deg. Ein reknar med kvalifiseringsgrensa ligg på ca. 6:50. Den store finalen går kl. 18. Her gjeld det å ha nervane under kontroll. Å prestere når det skal presterast er ikkje berre og berre. Førehandsfavoritten er troneinnhavar, Kongen av Sklia AKA Leif Magne Solheim. Erfaringsmessig presterer han jamnt under 6:40 - og har nervar av stål. Denne helga er det mykje spanande som skjer i Høyanger, med både Trappeløp, Sykkelløp og Familiefest! Sjå www.goyanger.no for meir info
|